Reisebrev fra Ingar Kvia 16. februar 2009

Nå er eg heima i Norge att i snø å kaldt ver å det er ein stor å kald overgang for meg.

Me fekk utført mykje arbeid på Haydom også denne gonga. Steingardane til steinløingsspesialist Kjell Pollestad fra Bryne vart fine også denne gonga , men det visste me jo fra før.

Eg er enormt stolt og takknemmelig for å ha Kjell Pollestad med i Team Caterpillar i Haydom. ”Du er ein enorm stor resurs å eg håpar inderleg du tek fleire turar til varme Afrika når me har sure vintrar i nord.”

Det me fekk utført med vannledningsprosjektet i Balangdalalu ser eg på som eit stort mirakel. Balangdalalu landsbyen fleire små landsbyer (4 trur eg), 6 skular å Haydoms helsesenter i Balangdalalu har nå vatn. Ca. 5000 mennesker omfatter dette. Vannledningsnettet er 3 mil langt.  Nokre folk måtte gå 8 km for å henta vatn. Likeins måtte dei driva dyra like langt for å finna vatn.

Eg har ført over 100 000 kr. til vannprosjektet i Balangdalalu. Har fått inn 35 000 kr. foreløpigt i regi av Team Nygård fra Sandnes som var med til Balangdalalu i desember.

Det vert arrangert ein Haydom bildekveld i Bryne Mølle 3. mars i regi av team Nygård. Der håpar eg mange folk vil koma å att me også skal klara å få inn meir pengar på vannprosjektet.

3 nye traktorar på Haydom som eg leverte i fjor krev også sitt med service å garanti. Etter mykje masing fekk eg 4 folk fra Massey Ferguson i Arusha til å kjøra 30 mil til Haydom for å ordna opp i alle garantiting som ikkje var ordna opp i å som var heilt nødvendig å få ordna opp i før eg reiste til Norge.

Ny 6-hjulsdreven Scania lastebil med kran skal som eg har sagt før væra på plass i Haydom i desember. Det vert ein stor dag å det var denne gonga eit ønske fra både meg å den svenske Scaniasjefen Claes Nyqvist att me skulle fått til eit møte i Dar es Salaam for å snakka i lag å for å begynna planlegginga av denne stora begivenheta. Den vil få stor oppmerksamhet, ikkje minst i Scania sine reklameblad. Fleire folk fra Scaniaorganisasjonen, blandt anna sjefer både fra Dar es Salaam Johannesburg i Sør Afrika og kanskje Scaniasjefer fra Sverige, vil væra med på den 100 mil å 2 dagar lange ekspressturen når me skal levera ny flott Scanialastebil i desember.

Eg har fått mykje gratis jelp i forbindelse med bestilling av ny Scania av selgar hos Scania på Forus, Tor Helge Undheim. ”Takk for att du tek så godt i mot meg på ein jobb du ikkje tener pengar på. Kansje dette hadde vore ein fin mulighet for deg Tor Helge å din sjef Arild Netland å fått sett eit fantastiskt vellukka prosjekt å ein Scania som tar seg fram på ekstremt dårlege veier i Tanzania. De er herved invitert til å væra med å overlevera ny HaydomScania på Haydom Lutheran Hospital i Desember.”

100 mils turen til Dar es Salaam fekk eg prest inn i mitt strame tidsprogram. På grunn av att eg snart måtte heim til Norge jekk turen både med HaydomScaniaen som skulle til Dar å henta eit fullt lass med sykehussenger fra Norge, med fly,  å med Toyota Landkrusar. Turen til Dar er aller jillaste når eg får sitja bak rattet på HaydomScaniaen. Me reiste fra Haydom grytidleg om morgonen å var i Dar seint på kvelden 2 dagar seinare. Veien var stengt mellom Babati å Magogo. Der stod ein Coca Cola Scania med 4 aksla tilhengar fullasta med Coca Cola fast. Der stod ca. 30 lastebilar på kvar side å venta. Coca ColaScaniaen tilhøyrde firmaet Super Star i Dar es Salaam. Dei har ca. 130 Scaniaer. Min gode venn, svensken Lars Kansten, som eg alltid besøker når eg er i Dar, er sjefen for desse bilane.

Lars Kansten å folka på Scania i Dar vart temmelig imponert å ovegitt når eg viste dei bildene frå når me opna den stengde veien i Magogo med HaydomScaniaen. HaydomScaniaen er etter 10 års drift fremdeles den einaste 6 julsdrevne lastebilen som går her. Det er manga som har fått jelp av min gode sjåfør Venance Moshi til å koma seg laust fra sorpehål. Me hykka frå tilhengaren og trekte fyrst opp CocaColaScaniaen. Etterpå trekkte me opp tilhengaren og deretter ein mindre Mitsubishi lastebil som stod fast på andra sia av sorpeholet. Så var det å hykka på tilhengaren å stå på det me klarte inn til byen Arusha før det vart for seint på natt. Dette område er ikkje trygt for landeveisrøvarar med ran å overfall, så dette er ein kvardag fullstendig forsjellig fra sånn som me tenke i Norge. Sjåføren på HaydomScaniaen er ekstra bekymra for å ha med kvite folk når slike situasjonar oppstår. Kvite folk betyr pengar seier han, å landeveisrøvarane brukar også mobiltelefon seier sjåføren på HaydomScaniaen. Når ca. 60 lastebilar har stått fast i kø er det lett å rinja å ji beskjed å sjå når køen løsnar, men det gjekk godt også denne gonga.

Vel møtt på Haydombilledekveld med kaffi å drøs på Bryne Mølle 3. mars.

Helsing Ingar Kvia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.