Ingar reiser til Haydom 30. november

Eg reiser på min tur nr. 14 til Haydomsjukehuset i Tanzania den 30. november i lag med 3 personer fra ei «kara»-gruppe på Sandnes.


Eg hadde lova meg sjøl og omgivelsane rundt meg at eg skulle vera heime denne jula, og det gjelder fortsatt. Det som skjer er at «kara»gruppa lover å hjelpa meg med pengar, men bare dersom dei får reisa i lag med meg.
  
Helsesenteret Balangdalalu som Haydomsjukehuset eig ligg 10 mil frå Haydom nær byen Katesj. Der bur dei norske misjonærane Marit og Leif Tingbø. Helsesenteret har ikkje hatt vann i springen på 2 år på grunn av pengemangel. Her er det mange fødsler, mange malariapasienter og mange andre sjuke som ligg. Det vert også utført mindre operasjoner.

 
Når så Lars Inge Nygård, ingeniør og oppsynsmann i 28 år ved vann og avløpsverket i Sandnes kommune, er ein av dei karane som vil vera med, då kan eg ikkje tenkja meg finare julegåve til pasientane på helsesenteret enn at me kan hjelpa dei med pengar og arbeid slik at dei får tilbake vatnet i springen.
 
Dei andre 2 som vert med er Svein Birkeland frå Sandnes, som arbeider med data, og gardbrukar Svein Mikal Ødemotland fra Nærbø.
 
Eg brenne av 12000 kroner ekstra i flybillett heim til jul og reiser til Tanzania att rett før nyttår for å arbeida vidare.
  
Eg har ikkje anna valg og eg kan ikkje ta ansvar for at denne ballen går utanfor mål.
 
Ingen kan hjelpa alle, men alle kan hjelpa nokon.
 
Ingar Kvia. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.