Haydom jordbruket

Haydom farm

Søndag 08.02.2015 

Då er me i gang igjen. Var ute og gjekk tur med hunden vår då det hagla inn med meldinger på telefonen.  Las dei medan eg gjekk, men det var vanskelig å konsentrera seg om det som sto der. Måtte sjå kor eg sette ned føttene i ulendt terreng. Dessuten så var det lange setninger og det var ikkje alltid lett å få med seg kor tid ein setning var slutt og den neste byrja.  Men her er i alle fall siste nytt fra Ingar:

Har vore i Waredik ca. 5 mil fra Haydom og sprøyta for ugras i maisåkeren. Det er ca 8 mål med mais og den står flott.

Det er ca. 1400 mål med kveite og den står også fint.

Ca. 2000 mål med Sunflower og Safflower skal snart i jorda.

Traktorane er i gang å pløya ein åker på 400 mål ei halv time fra Haydom. Det er ein gardbruker som er nabo til Haydom og han leier Haydom sin gjeng til å pløya åkrane sine. Me sådde korn der på fredag.

På lørdag var eg  3 timars kjøring fra Haydom til Babati og besøkte den 14-årige foreldrelause jenta Upendu. Me såg om ho på skolen og me var ute og kjøpte klær. Fant både klær og sko. Ei utrolig kjekk og flink jente.

I dag starta eg frå Haydom klokka 06.00.

Har kjørt dei 30 mila til Arusha med Toyota Hilux picup, som eg kjøpte ny til Haydom for 7 år sidan. Den tilhører Caterpilar-teamet.

Er på storvask av picupen nå. Den skal på stor oppsjekk på Toyota-verkstaden i Arusha mandag morgon.   Her er så varmt at det er best i skyggen.

Dette var det eg hadde for i dag av nyheter. Ingar er glad for at dei som ønsker det kan gå inn her og lesa om  kva som skjer der nede. Det er i alle fall eit livsteikn frå Ingar. Det går bånn gass.

Helsing Åse og Ingar 

Helsing Åse. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.