Ferbuar 2015

Siste nytt fra Ingar

Denne veka har eg brukt 3 og ein halv  dager i Arusha. Reperasjonen på Toyota Hilux verte stor og dyr.

Akslinger, foringer, lager, lager og 4-hjuls trekk. Me brukte lang tid på gjennomgang av bilen for å få med oss alt som var galt.

Håper å få att bilen 20. februar.

Har og tatt mål av presenningen til kapellet over lasteplanet på Hilux`n og bestilt ny.

Var også innom Scania, Massey Ferguson og Valtra forhandlarane og mange andre plasser.

Var oppom Scriture Mission og besøkte dei norske der.

Brukte drosje ein halv dag og var i 4-5 forretningar for å finna ein avlang badestamp til ein 14-år gammel gutt.  Det er ein som barnelege Jorunn Ulriksen fra Kristiansand hjelper her på Haydom.

 Den 14-år gamle gutten er sterkt handikappa og bur heime under svært dårlige forhold.

Fekk fylgja ein lege tilbake til Haydom. Ho hadde bestilt ein bil til seg og mora, og det var plass til meg også.

Etter at eg kom tilbake til Haydom på torsdag, Har eg vore med på sprøyting av 1420 mål kveiteåkrar i Waredick, 5 mil frå Haydom.

Me må ta med 10 000 liters vanntank frå Haydom. Bruker 2 av dei fine Massey Ferguson 5475 på den jobben.

 Kom inn frå sprøytejobben klokka 6 lørdagskvelden. Fekk mykje regn og vanskelige kjøreforhold på heimturen.

Scaniasjåføren Venance Moshi venta på meg i landsbyen i Haydom. Me for direkte og såg på eit hus som me bygger til enka etter bror til Moshi. Broren heitte Elihuruma og var traktorkjører på Haydom.

Bygningsfolka var i full sving sjølv om klokka var 7 på ein lørdagskveld.

Telefon og meldinger kom tett på lørdagskvelden og Moshi og eg var innom 3 plasser på mat og kaffi før eg kom heim.

Då var klokka 23.30 på lørdags kvelden og det var godt å få ta kveld.

Gravemaskinen går i Maretado, ein halv time frå Haydom, og graver vannledning.  Me har problem med ein hydraulikkrøyr på gravemaskinen, så maskinkjøraren Marco var i Arusha på boring og sveising av røyret på lørdag.

Venter også på ny stikkesylinder på gravemaskinen fra Caterpillar i Dar es Salaam. Åse har betalt den fra Norge.

I dag var eg oppe klokka 7 og vaska Toyota Landcruser picup. Kunne ikkje kjøra sånn med den på ein søndag. Den var full av sorpa etter dei fæle vegane på lørdagskvelden.

Skal også bortom ei sjulepleier som heiter Caterine og familien hennar. Dei vasker og repererer arbeidskleda for meg.  Detter er ein av mange steder eg er innom på kaffi og pannekaker.

Me har hjulpe denne familien i fleire år med skulepengar.

Etterpå skal eg innom 5-6 plasser å snakka med folk….

Helsing Ingar. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.