Reisebrev fra tur nr. 18 og 19 til Haydom, Tanzania.

Nytt fra Ingar

Året 2011 vart et år med stor aktivitet og kr. 2 050 000,- blei utbetalt fra innsamlingskontoen.
 
– Ny Massey Ferguson 5475 fra Eik-Senteret på Klepp,
– Ny Toyota Landcruiser Pickup fra Toyota i Dar es Salaam,
– Ny Caterpillar 275 KWA nødstrøms-aggregat fra caterpillarforhandleren Mantrack i Dar es Salaam
– Fleire utbetalingar på mine mange vannprosjekt.

 
Tur nr.18

Denne turen starta 10. Januar 2012 og den varte i 78 dager.

Eg er mykje på farten og eg kjørte 930  mil med den nye Toyota landcruiseren på denne turen.

Eg var 2 turer til Dar es Salaam, som er ca. 100 mil frå Haydom. Der henta eg den nye Toyota Landcruiser-picupen, den nye Massey Ferguson traktoren og containarar.

Begge lastebilane var inne hos Scania i Dar på service, garanti og reperasjonar. Måtte blant anna byggja nye innfestningar på lastebilkranen til 99-modell Scania.  Alt dette vart betalt fra innsamlingskontoen.

Eg var også mykje med gravemaskin-gjengen på jobb. Det var både vegarbeid, utgraving av vanndam og graving av vannledning.

Tur nr. 19

Denne turen starta 13. mai og varte i 18 dager. Turen var hovedsakelig for å vera med og opna det store vannprosjektet i landsbyen Gidagamo, ca.6 mil fra Haydom.
Her hadde me ein stor vannfest den 23. mai med mange innbudne folk.

Vannprosjektet i Gidagamo har kosta ca.kr.  650 000,- og det er reint drikkevatn til nærare 6000 mennesker.

Her har me bort 160 meter og funne vannkilde som gjer 10 000 liter vann i timen.
Me har bygd straumledning, kjøpt vannpumper og bygd 45 000 liter vanntank oppi ein skråning.
Folk har grove 14 km. vannledningsgrøfter for hånd, noko som betyr at 3 landsbyer får vatn frå dette boreholet.

Eg er imponert over innsatsen frå lokalbefolkningen som er veldig glade for å ha fått vatn.
14 km. er som sagt grove for hånd. All pukk som vart brukt er knust med handamakt. Redskapen er hammer og sleggja og eg er veldig imponert. All betongen vert reia for hånd.
Det er blant anna støypt 3 store vanntrau som dyra skal kunna drikka vatn frå i tørketida. Då er nemleg alle vanndammer i nærleiken uttørka.

Vannprosjektet i Gidagamo er eit samarbeid med Marit og Leif Thingbø. Dette kunne ikkje Marit og Leif gjort utan meg då min innsamling betaler det aller meste i dette prosjektet.

Og eg hadde ikkje hatt nokon sjans til å styrt dette byggjeprosjektet frå Norge utan hjelp fra Leif i Tanzania. Leif har lagt ned ein enorm innsats. Han veit priser på alle materialer, utbyggings-kostnader og han snakker zwahili og også stammespråket til befolkningen rundt Gidagamo.
Leif har full kontroll og han har imponert meg. Marit og Leif Thingbø er eit veldig aktivt og populært misjonærektepar og det er fantastisk det me har fått hatt i lag i dette vannprosjektet.

Så TUSEN TAKK til Marit og Leif og TUSEN TAKK til ALLE givarar som er med og gjev pengar!
Uten dykk hadde ikkje noko av alt dette fantastiske hjelpearbeidet vore mogleg å fått til.

Eg er nå inne i 5 vannprosjekt i Tanzania og har betalt ut 1,2 mill. Det betyr at ein plass mellom 35 000 og 40 000 mennesker får friskt drikkevatn. Dette betyr sjølvsagt også mykje for folka sin helse-situasjon.

Haydom-innsamlinga har nå runda kr. 11,7 mill.

Ny stor Haydom-auksjon på Eik-senter Klepp med Arvid Mæland som auksjonarius:
Torsdag 6. Desember 2012  ( om kvelden)

Dersom nokon har fine ting å gje til auksjonen, så ta kontakt med Ingar på Tlf: 99270543

Eg har nå etter 35 års ansettelse hos T.Stangeland Maskin, fått 1 års permisjon frå min stilling som lastebilsjåfør.  Permisjonen starta 1.April 2012.   

Eg skal i denne perioden arbeida som frilanser for forskjellige firma den tida eg er i Norge.

Ingar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.