Haydom-auksjon nr.4 på Eik-senteret på Klepp vart nok ein suksess

Ca. 800 mennesker møtte opp til ein gilde kveld med mykje lått og løye.

Resultatet vart på fantastiske kr. 670 000,-

Tusen TAKK til Eik-senteret, til alle som deltok, til alle som gav ting og til alle som kjøpte ting.

Dette er eit stort spleiselag.

Arvid Mæland er ein spesiell auksjonarius som har ein enorm kontaktkrets og som held ein enorm gang i auksjonen. 

Løgnasane Torulv Time og Morten Lende heldt også god gang og folk lo godt.

Ut fra min Haydom-innsamlingskonto, med nye ting som er innkjøpt og rekningar som er betalte, er det utbetalt 2 mill. kroner i 2011.

Dette er fantastisk og igjen ein STOR TAKK til alle som er med og gjer dette mulig.

Sidan starten på innsamlinga, januar 1998, er det til nå samla inn 11,7 mill.kroner.


Nye ting som er innkjøpt i 2011 :

16 nye traktortilhengar-dekk,
50 tonns hydraulisk presse til verkstaden og diverse verktøy. Kr. 100 000,- 

Ny Toyota Landcruser Picup 4*4 Kr. 330 000,-
Nytt Caterpillar nødstrøm-aggregat 230 KWA Kr. 300 000,-

Ny Massey Ferguson 5475 , 4*4 , 155 HK traktor Kr. 550 000,-

Har bora 5 borehol etter vatn til over 30 000 mennesker.
Utbetalt til entreprenøren: Kr. 550 000,-

2 nye traktor-ploger og 1 sett traktordekk  Kr. 150 000,-

Nok ein gong TUSEN TAKK til alle gjevarane og alle som på ein eller annan måte har deltatt i arbeidet mitt.

Eg er stolt over å ha dokke med meg på vinnarlaget « HAYDOM-LAGET «

Ingar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.