Vannverk og mye anna

Mer nytt fra Ingar !

Mandag starta eg fra Singida i 8- tida etter god frokost hos katolikkane, der min fsta buplass i Singida er.

Kjørte 11 mil til Haydoms helsesenter i Balangdlalu. Her har me dreve vannverket for 15 000 mennesker og 1000-vis av kyr i 5 år.  Sjefen i landsbyen vil nå ha 2 500 kr. kvar månad i avgifter.

Dette skaper konflikter i landsbyen. Landsbysjefen fekk sparken og kranane vart stengde.

Me var 25 mann i møte mye av dagen og konflikta vart foreløpig løyst og vatnet vart skrudd på att.

Eg var også innom Haydoms helsesenter i Gendabe før eg kom til Haydom kl.22.

Tirsdag var eg heile dagen i Wandela der 4 av Haydom sine Massey Fergusonstraktorer sår 1420 mål med solsikker. 

Onsdag var eg og presten Sakkaria i Dirim. Det er ein og ein halv time fra Haydom. Der bygger me hus til ei enke med 8 barn. 

Torsdak kl.06 reiste eg og caterpillar sjåføren Marco  til Arusha. Her ordna me med betalinga for å få ut Toyota Hilux picupen som har vore på stor reparasjon på Toyota verksted i Arusha i 2 veker.

Turen til Arusha er 30 mil. Kjørte så 10 mil vidare til byen Moshi.  Var sjå Caterpillar og henta ny stikkesylinder til gravemaskinen.

Heile fredagen gjekk med i Arusha til mange ærend. Var hos Kuldip  på Jubilee Tyres og ordna med 22 nye lastebildekk til Scanialstebilane.  Var innom og snakka med folka på Scanha i Arusha og var også på presenningsfabrikken Tarpo. Her fekk eg laga ny presenning til kapellet på Toyota Hilux.

Lørdag starta eg kl.07 i Arusha. Reiste til Vest Kilimanjaro til Elect skulen Faradja. Det er ein stor skule for handikappa barn. Her har me 14 åringen Maiko som måtte amputera begge føtene etter ei stygg ulykke for fleire år sida med høgspentstrøm.

Sykesøstra Angela, som hjelper meg med dette prosjektet, og mor til Maiko var med meg på denne turen til Faradja skulen.  Me tok med oss Maiko inn til byen og kjøpte alt av klær han treng i 1 år til eg kjem neste gong. Var tilbake i Arusha kl.23.

Søndags morgon starta eg i Arusha kl.07 etter ein god frokost hos mine venner på Hotell Impala. Dette hotellet er min nokså faste plass når eg er i Arusha og på dette hotellet kjenner dei fleste «Mister Haydom »  Og her er det fantastisk jilt å vera den korte tiå eg har tid til å vera der.

Eg brukte ein og ein halv time på søndags morgon til å lasta Toyota Landcrusar picupen stufull med medisin og varer til sykehuset på Haydom. Alltid jilt å koma tilbake til Haydom med stufull bil og veta at eg er til nytte for sykehuset.

Mor til Maiko fylgde meg tilbake til Haydom. På turen tilbake til Haydom på søndag var eg innom 6 plasser og helsa på folk eg kjenner. Eg kjennar enormt mange folk her og det er veldig jilt å ta seg tid til å stoppa og det set dei utrolig stor pris på. Var på Haydom kl.22.

Helsing Ingar. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.