Tur nr. 25 til Haydom Luterhan Hospital, Tanzania

Reiste til Haydom 18. januar 2016 og kom heim igjen 13. mars 2016. Med alt som eg hadde med og som eg betalte for på denne turen, så vart gaven til Haydomsjukehuset ca. 500 000 n.kr.

– Ny vacumvogn til traktor
– Ny vaskemaskin til vaskeriet på sjukehuset
– Masse reservedeler til Massey Ferguson traktorene og Caterpiller gravemaskin og dei 2 Scania lastebilane
– 3 nye verktøyskrin m/innhold.
Var også på Scania i Dar es Salaam og tok stor service på 2010 modellen Scania pluss ein stor sveisejobb på brakett innfestninga til Hiab-kranen.Skifta også alle bremseklosser til tilhengeren til Scaniaen.
Det vart mange turer fra Haydom til Arusha ( 30 mil ) på forskjellige oppdrag med Toyota landcruser pic-up og ein tur til Dar es Salaam med Scaniaen for å henta vakumvogna og ein container. Det vart totalt 900 mil på tanzanianske veger denne turen.
Tok meg også ein fritur for å besøka familien Lars Stensland på Kiabakari bibelskole. Den ligg ved byen Bunda.Besøkte også Bunda sjukehus der Paul Malde m/kone og Olaug Huseby var.Besøkte også gilde entreprenørar eg har vorte kjende med i Bunda, Nzega og Singida.
Eg har på denne turen også installert solcelle-straum i 5 hus.Hadde med 2 montører fra Arusha i 1 veke. Dei som fekk straum er folka på Haydom sitt helsesenter i Gendabe, traktorkjørerne sitt hus ute på sjukehuset sin farm i Wandela (4 mil fra Haydom )  Dei vart glade for å få straum og lys.Installerte også solcelle straum i 3 andre hus som eg har bygd med hjelp fra Norge, til vanskeligstilte familier.
Me reparerte også den 8 tonns Caterpiller gravemaskinen til Haydom sjukehuset. Ny o-ring og simmer-ring mellom hydraulikkpumpa og motoren og ny clutch mellom pumpa og motoren. Skifta også alle pakningene i løftesylindaren.
Massey Ferguson traktorane til Haydom-sjukehuset vart ferdig med våronna før eg reiste heim.Ca 4000 mål er sådd fordelt på mais – kveitekorn og solsikker.

Ingar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.