Min tur nr.22 til Haydom Lutheran Hospital, Tanzania

Eg har lukkast med å kjøpa 3 stk. Clostavent ventilatorer til Haydomsjukehuset. Prisen vart kr. 311 000,- levert i Dar es Salaam.Ingar Kvia

Eg kjøper også i desse dager 3 stk. monitorer som dei kan sjå blodtrykket og hjarterytmen på pasientane.

Desse monitorane står oppå ventilatorane og koster ca kr. 60 000,-

Eg kjøper også 5 stk. nye oksygenmaskiner til intensivavdelinga, der det står dårligt til.

For dei 5 maskinane betaler eg ca. kr. 50 000,-. Ei god og viktig investering.

Volvoen 264 som vart solgt på Haydomauksjonen på Eik-senteret på Klepp

7. mars vart ei gullgruve og innbrakte kr. 365 000,-

Dette gjorde at eg kunne kjøpa viktige ventilatorar som også lager oksygen.

Les heile historien om Volvo264 ved å søkja på TV2 sine bilsider og adressen «broom»

Søk så på Volvo 264. Då får du heile historien.

Eg tok med meg lastebileigar John Kristoffersen, han som gav Volvo 264 til auksjonen, til Tanzania. Det var ein 15 dagers tur som starta 2.juni.

Me landa på Kilimanjaro flyplass ved Arusha. Var ein dag i Arusha og kjørte deretter ca. 70 mil til Dar es Salaam.

I Dar lasta me opp Clostavent ventilatorane på Toyota Landcruser picup.

Me var 2 dager i Dar.

John og eg var innom mange plasser hos mitt store kontaktnett i Tanzania.

Kjørte så 95 mil til Haydom.

Mandag 10.juni sto Robert fra fabrikken i England klar på Haydom-sjukehuset for å vera der i 3 dager for å undervisa i bruken av dei nye maskinane og for å kjøra dei i gang.

Allerede etter 2 dager vart maskinane tatt i bruk på operasjonsståva på Hadomsjukehuset og dei fungerte meget bra.

Eg var sjølv med på ein stor mageoperasjon og fekk sjå maskinane i bruk.

Det vart ein ny og sterk oppleving for meg.

John og eg hadde ein fantastisk tur og kjørte 260 mil på tanzanianske vegar.

Me hadde menge felles interesser med lastebiler og mange andre ting.

Dermed var John ein veldig enkel mann å ha med til Tanzania.

John Kristoffersen vart veldig imponert og hadde nok ikkje rekna med at Haydom og alt arbeidet som skjer der, er så stort


Ingar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.