Velkommen arrow Nyheter arrow Reisebrev fra Ingar Kvia 24. februar 2012
Saturday, 26 May 2018
 
 
Reisebrev fra Ingar Kvia 24. februar 2012 Skriv ut

Trykk her for å sjå alle bildene frå turen.

Full fart i Haydom. Eg arbeider og overnatter på mange forskjellige plasser, og har allerede runda 500 mil i bil.


Eg har vore i Dar-es-Salam og henta Toyota Land-Cruiser Pic-up.


Har også vore innom på skulen i Vest- Kilimanjaro og betalt skolepenger for Maico, ein gut som har fått begge føtene amputert etter ei stygg ulykke med høgspentstraum. I Singida har eg også betalt skulepengar for Upendu, ei anna jente som er foreldreaus.


Gravemaskinen som kom hit i januar 2006 graver vannledning på Haydom, og har ellers mange andre oppdrag på vegarbeid, over store områder.


Eg har vore på jobb i Manjoni, som ligge i bushen 29 mil fra Haydom. Det tok 17 timer å transportere gravemaskinen på traktorhenger dit. Traktorane og lastebilane utfører også viktig inntektsbringande arbeid, der pengane går til Haydom Lutheran Hospital.

700 mål mais og 350 mål solsikker er sådd i Endagauv, ca 10 kilometer fra Haydom. Avlinga står fint og har fått nok med regn, i motsetning til mange andre områder i Tanzania, der det har vært lite med regn.

På mine mange vannprosjekter har eg og vore to dagar på befaring over store områder i Manyara Region, i lag med Leif Tingbø, som er misjonær i Katesh.

Har akkurat no bora borehol nummer 5 i landsbyen Gidagamod. Her fann me 10.000 liter vann i timen, på 160 meters djup. Her skal me også byggja store vanntankar, innstallera straum og pumper, og grave ca. 12 kilometer vannledning inn til neste landsby. Dette er et stort vannprosjekt til ein plass mellom 5-600.000 NOK, og det vil hjelpe mange tusen mennesker.


Eg er inne i mange prosjekter, og folk spør stadig etter hjelp fra Ingar, og eg må mange gonger i veka seie nei til mange gode prosjektar. Det er ofte vanskelig, men eg har eit motto: Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon!

Ingar

 
 
Top!
Top!