Velkommen arrow Nyheter arrow Ingar reise på tur nr. 17 til Haydom.
Saturday, 26 May 2018
 
 
Ingar reise på tur nr. 17 til Haydom. Skriv ut
Eg reiser på min tur nr. 17 til Haydomsykehuset i Tanzania 4. januar.

Gravemaskinspesialist Kjell Pollestad vert med på turen å det er den 3. turen hans. Kjell Pollestad er ein enorm resurs å ha med i Team Caterpillar. På denne turen skal me også feira Kjell sin 70-årsdag i lag med afrikanske venner. 

Ny Massey Ferguson traktor 5475, 155hk, 4 hjulstrekt å fint brukt Mercedes Bentz Unimog fra det Tyska forsvaret er på vei med båt til Dar-es Salaam å er i land ca. 12. januar.

Trykk her for å sjå bilder av traktor og bil.

Julagaven til Haydomsykehuset er i år på ca 900 000 kr.

Me lander på Killimanjaroflyplassen utanfor byen Arusha i halv 10 tida lokal tid på tirsdagskvelden 4. januar. Me vert henta av Marco sjefen på Team Caterpillal med Toyota Hilux Pic Up. En som eg har kjøpt til Haydom tidlegare.

Mange ting skal ordnast å me skal prøva å landa litt forsiktig. Eg har lett for å laga eit tett program fra dag 1 å då er kjøret i gang .

Me skal væra 2 netter i byen Arusha. Eg skal til klareringsagenten Arusha Frigt å ta ut ein kasse med traktordelar som er sendt med flyfrakt. Skal innom til Massey Ferguson forhandlaren i Arusha å Scania forhandlaren, ordna noko på Selianisykehuset å så må me ved jelp av sykepleierska Angela ordna noko med guten Myico på 9 år som me ved jelp av venner i Norge skal jelpa på internatskule i Moshi 7 mil fra Arusha. Myico har for ca 3 år sidan fått begge føtene amputerte etter ei stygg straumulukka når han var på vei til skulen i landsbyen Gidegamod ca. 5 mil fra Haydom.

Me skal kjøra veien om Babati å Katesj. Hær er 3 lag med Kineseske entreprenører som byggjer ny vei å det er av stor interesse for Kjell å meg å sjå på. Me stopper litt sjå misjonærane Marit å Leif Tingbø i Katesj for å diskutera framdrifta i eit stort vannprosjekt til foreløpigt 1,5 mill. kr. som me har i lag med dei. Skal grava ut ein stor vanndam med Haydomgravemaskinen å bora 2 borehol på ca. 77 meter.

Kjører så vidare til landsbyen Balangdalalu der Haydom har eit helsesenter å der me også er inne i eit vannprosjekt.

Besøker Dr. Simon å  dei andre vennene mine der å hær har dei nå problem med ei stor vannpumpa som står. Desse 2 vannprosjekta som me nå er inne i betyr friskt vann til ca. 20 000 mennesker å på hundrevis, ja kanskje tusenvis av kyr.

Kjører så vidare til landsbyane Gidagamod å Gendabe. Me er inne i 2 husbyggingsprosjekt der me jelper vanskeligstillte familier i ein vanskeleg livsituasjon.

Reiser så innom den store Mulbadauw farmen å helser på våre venner der før me reiser dei siste 45 km inn til Haydom å er antageleg der på lørdag eller søndag.

Første gravemaskinoppdrag som venter på oss på Haydom er å rusta opp alle veier å laga nokre nye gangveier inne på den stora sykehustomta, skifta ut jorda i veiene, laga sjikkele veiveiter så dei enorme rennskylla ikkje øydelegg veiene, å så har me ei stor utfordring til å finna sjikkelege sams å grus til å byggja opp gode veier for det er mangelvare i Tanzania.

Nærbø  30.12.2010

Godt Nytt År!

Tusen Takk Til Alle Givarar som gjær dette mulig!

Mitt telefonnummer i Tanzania er: 00255 784 35 90 35

Helsing 
Ingar  Kvia

 
Top!
Top!