Velkommen arrow Nyheter arrow Reisebrev fra Ingar Kvia 19. januar 2010 + bilder frå turen.
Saturday, 26 May 2018
 
 
Reisebrev fra Ingar Kvia 19. januar 2010 + bilder frå turen. Skriv ut
Reisebrev nr. 2 fra Ingar Kvia, Haydom, Tanzania. Tur nr 16.

Overlevering av nøklane til den nye lastebilen hos Scania Dar-es-Salaam.

Trykk her for å sjå bilder fra turen.

Reisebrev fra Ingar 19. januar 2010:

Haydom 19-01-2010

Ny lastebil og traktor vart levert til haydom-sjukehuset på ein stor  55-års jubileumsfest 15.01.2010.

Eg starta på den 100 mil lange turen frå Dar-es-Salaam til Haydom  torsdag 7. januar. Kjørte til ein plass som heiter Segera, 28 mil frå Dar-es-Salam. Overnatta ei kort natt på eit gjestehus der. Der møtte eg også den andre lastebilen som eg gav til Haydom i 1999. Den var på veg til Dar-esSalaam for å henta to containarar og for ei  mindre service på Scania-verekstaned i Dar-es-Salaam.

Me starta dagen klokka 5 om morgonen og var på scania-verkstaden før  middag på fredag. Nerver og musklar har stått i høgspenn lenge. Ville me klara å nå  jubileumsfesten på Haydom 15. Januar med den nye lastebilen med  traktoren oppå og den andre Haydom-lastebilen med containarane?

Prøvde forgjeves å få Scania-folka til å jobba på laurdag men dei  meinte dei hadde kontroll på tia.

Henta Norleif Slettebø og Ragnar Ege på flyplassen i Dar-es-Salaam på laurdagskvelden.
 
Norleif Slettebø er med og lagar film.
 
Traktor-reparatør og gardbrukar Ivan Veen frå Gilja er på Haydom og  gjer ein fantastisk jobb med å reparera traktorane.

Måndag morgon 11. januar var me spente på om alt ville gå bra på  Scania-verkstaden, men når me fekk beskjed om at i morgon, tirsdag  12. januar, er det heilagdag i Tanzania på grunn av at dette er 
Sazibars nasjonaldag dalte håpet om å nå Haydom 15. Januar. Eg skulle på eit kontor midt i byen i Dar-es-Salaam hjå min  klareringsagent og henta skilt og vognkort til den nye traktoren. Det måtte eg senda andre til å gjerta. Eg turde ikkje forlata  Scania-verkstaden  denne dagen. Sprang mellom dei to Scania-lastebiane heile dagen, pressa på og masa  heile dagen, noko eg er god til. Eg sa at kona har haldt ut med meg i 27 år, og då må de klara å  halda ut ein dag eller to. Begge lastebilane rulla ut porten på Scania-verkstaden klokka 9 om kvelden måndag 11. januar. Eg fekk pressa igjennonm at ein man skulle koma på tirsdag morgon,  som altså var søndag, for å driva opplæring 3-4 timar på den nye  Haydom-lastebilen.
 
Tysdag middag reiste me nokre mil ut av Dar-es-Salaam på eit stort  lager for å lasta to containarar frå Noreg. Dette tok si tid då containarane vart heist oppå lastebilen med  kjettingtaljer og handmakt. Me var ferdige klokka 6 på kvelden, og det var for seint å starta  på dei 70 mila til Arusha på grunn av at enkelte strekningar er  farlege å kjøyra etter at det er mørkt.  
 
Me starta med den nye Haydom-lastebilen med den nye traktoren på   lasteplanen, og den andre lastebilen med containarane på klokka 4 om morgonen onsdag 13. Januar. Etter 15 timar ankom me Arusha, klokka 7 om kvelden. Då hadde me vore innom tre døgnåpne vektstasjonar og mange bevæpna  politikontrollar. På Scripture Mission i Arusha lasta me så nokre røyr under  traktoren på den nye haydom-lastebilen. Mange ting skulle ordnast, og natta i Arusha vart berre 3 timar.
 
Var igang kloka 5 torsdags morgon 14. Januar. 30 mil på ekstremt  dårlege vegar gjenstod til haydom, og me var særs spente. Mange  lastebilar og bussar hadde stått fast her dei siste dagane på grunnn  av mykkje regn. Me var heldige, og møtte ikkje på regnver, og så har me topp  utstyr. 6-hjuls drevne Scania-lastebilar. Vegane var frykteleg hompete. Når me slo leir denne hvelden hadde me  kjøyrd 26 mil, og brukt 21 timar. 
Denne natta vart også berre 3 timar.
 
Fredag morgon 15 januar starta me med å vaska begge lastebiane. Dei  måtte jo vera fine til inkomst-seremonien. Kjøyrde dei siste mila ganske forsiktig, og var klar og venta på  signal nede i bakken ved haydom-sjukehuset klokka 12. Klokka eitt kom klarsignalet, og nerver og musklar som hadde våre i  høgspenn i ei veke kjendest, kan ein trygt sei. Det vart ein enorm mottakingsfest, og for eit syn. To flotte  Scania-lastebilar, ein med ny traktor oppå, og den andre med to containarar frå Noreg kjøyrde opp den siste bratte og humpete bakken  opp mot porten til sjukehuset, og kompressor-horna på taket vart  flittig brukt til å gje beskjed om at no kjem me. I porten vart me møtt med syngande afrikanarar som dansa forran  lastebilane heilt fram.
 
Det var litt av eit skue frå førarhuset når me kom inn porten. 
 
Me vart møtte av hundrevis av folk då me kjøyrde opp mot ein stor  scene med masse prominente gjester, og kompressorhorna vart nytta  helie vegen. Blant gjestene var erkebiskopen i Tanzania, Alex Malasusa, mange andre  biskopar og prestar frå den lutterske kyrkja i Tanzania, sjefen på Haydom Dr. Øystein E. Olsen, Mama Kari Olsen på 82 år,  fylkesmannen, og mange andre politikarar og inviterte gjester. Happy, min klareringsagent i Dar-es-Salaam og svenske representantar  fra både Scania-fabrikken i Sverige og frå Scania-forhandlaren i  Dar-es-Salaam, fire fjernsynsstasjonar og mange avis-journalistar hadde også funne vegen til Haydom denne dagen. Også Scania World var til stades for for å skriva ein reportasje om denne hendinga. Å få navnet Haydom Lutheran Hospital og min adresse www.ingarkvia.no  i Scania World ser eg på som ei enorm marknadsføring.

Erkebiskop Alex Malasusa og Dr. Øystein E. Olsen hadde mykkje godt å sei om arbeidet som vert gjort på Haydom. 
 
Mange fine talar. Erkebiskopen og hans folk velsigna den nye  lastebilen. Ei høgtideleg handling. Eg snakka også på overleveriine  givarar i Noreg, som gjer dette mogleg. Eg gav også mykkje ros til folka mine i lastebil-gjengen,  traktor-gjengen og gravemaskin-gjengen her i Tanzania. Desse folka står på noko enormt, og imponerar meg stadig.

Traktoren lasta me av på fredagen, og Ivan Veen klargjorde traktoren,  og instruerte kjøyraren på laurdag, og klokka 4 på mandags morgon  kjøyrde den ut på jobb med gravemaskinen.

Kroppen treng lenge til å gå seg ned etter ein slik tur, men det er  så fantastisk når me lukkast med strevet.

Det er varmt i Tanzania. Temperaturen variere mellom 26 og 32 grader. 
Det har regna og det er grønt og fint. Vårånna er i full gag med  såing av mais og kveite.

-Helsing Ingar Kvia.

 
Top!
Top!