Velkommen arrow Nyheter arrow Reisebrev fra Ingar Kvia 1. januar 2010
Saturday, 26 May 2018
 
 
Reisebrev fra Ingar Kvia 1. januar 2010 Skriv ut
Reisebrev nr. 1 fra Ingar Kvia, Haydom, Tanzania. Tur nr 16.


Først en gobit fra "Revy i Nitti". Sangen om Ingar Kvia:

Trykk her for å høyra sangen om Ingar Kvia på "Revy i Nitti". 



Reisebrev fra Ingar 1. januar 2010:

He vore 26 dagar i Tanzania nå. He fatt gjort mykje, men mykje jenstår.


Starta i byen Arusha når eg kom med å reparera Toyota picup-en som hadde skader i front å bunker i sida etter ei ulykke. Fekk også ordna opp i ubetalte rekningar hjå Massey Ferguson forhandlaren i Arusha.


Kjørte ca. 70 mil vidare til Dar Es Salaam. Var der 4 dagar. Kollosalt varmt. Ordna med den nye Scaniaen som fortsatt stod på tollklarering. Traktoren var komen ut å stod trygt parkert hjå Scaniaforhandlaren. Ordna med ein del ting med service å lakkering på lastebiltilhengaren hjå tilhengarfabrikken Super Doll i Dar der svensken Lars Kansten styrer. Tilhengaren må jo væra fin når han skal ga bak den nye Scaniaen.


Kjørte så opp att til Arusha å brukte ein dag på meir ærend i byen. Starta på turen ut til Haydom kl. 6 fredag 18. desember. Allerede lørdag 19. desember var eg ute på Mulbadauvfarmen. Helste på folka der og overnatta der.


Reiste vidare på vannprosjektet i Balangdalalo på søndag. Der var det ein glede å sjå att det me starta der med å gå inn med 100 000 kr. for å få vatn til 12 500 mennesker fungerte.


Kom tilbake til Haydom seint søndagskvelden. Har så vore i lag med gravemaskinjengen i 3 dagar på veiarbeid ein plass som heiter Bashay. He sådt 200 mål med mais. 800 gjenstår. He fatt ein del stopp i vårvinna på grunn av mykje regn men he fortsatt håp om å få all maisen i jorda før 15. januar.


He feira jul på Haydom. Julefeiringa er eg lite opptatt av. Likar best å væra fri å bli minst mulig bedt rundt, noko som medførte att eg var på julamiddag på avrusningsklinikken for alkoholikkarar på Haydomsykehuset. Der er desverre fleire av mine nære venner å medarbeidarar pasienter. Ei julafta eg seint å aldrig vil gløyma og som sikkert ikkje mine venner heller vil gløyma.


Feira nyttår på hotell Impala i Arusha. Fin kveld med god mat å oppvisning av tradisjonell afrikansk dans å masse fyrverkeri.


Ska jæra ein del ærend i Arusha. Skal på Selianisykehuset å snakka med den amerikanske sjefen Mark Jakopsen som skal jelpa meg med operasjonar og skinntransplantasjon på 9-åringen Maiko som er kraftig skada etter ein høgspentledning som hadde dotte ned.


Eg skal henta gardbrukar å traktorreperator Ivan Veen fra Gilja på Killimanjaro flyplassen mandagskvelden 4. januar. Eg får maks 2 dagar i lag med han på Haydom, men han klarer seg godt sjøl.


Eg må vidare. 100 mil til Dar Es Salaam der Ragnar Ege å Norleif Slettebø lander lørdagskvelden 9. januar.


Lastebilen å traktoren er ikkje levert enda på grunn av mykje forsinkelse på avgiftsfritaket som Haydom har i forbindelse med tollklareringa. Håpet er att me skal klara å reisa fra Dar ca. 12. januar med den nye Scaniaen og med den nye traktoren på planen a den andre Haydomscaniaen som også er i Dar. Den he lasta 2 containarar. Satsa på å nå fram til Haydom til ein dondrane overleveringsfest 15. januar men det er vanskelig a taima tida i dette landet, så dette er spennande. Så får me bara sjå om me lukkast med datoane.

 
Helsing Ingar  Kvia fra Hotell Impala i Arusha.

 
Top!
Top!