Velkommen arrow Nyheter arrow Ingar reise på tur nr. 16 til Haydom.
Saturday, 26 May 2018
 
 
Ingar reise på tur nr. 16 til Haydom. Skriv ut
Ingar reise på tur nr. 16 til Haydom i desse dager.

 
Trykk her for å høyra Ingar på NRK lokalen fredag 20. november (innslaget med Ingar starter 8 minutt ut i sendinga og varer 8 minutt).

Trykk her for å høyra Ingar på Nytt Liv Media tirsdag 1. desember. 

 
Eg reiser på min tur nr. 16 til Haydom i Tanzania 7. Desember å vert der til midt i den sista veka i februar.
 
Den nye Massey Ferguson traktoren som er sendt er ute av tollen på kaien i Dar es Salaam. Den står nå trygt parkert under streng bevaktning sjå mine gode venner, svenskane sjå Scaniaforhandlaren i Dar es Salaam.
 
Den nye Scania lastebilen står fortsatt fast i tollklareringa på avgiftsfritaket som Haydomsykehuset har. Ting tar tid, men eg har eit håp om att Scaniaen skal verta frigitt ein av dei fyrste dagane.
 
Eg reiser aleine til Africa 7. desember. Landar på Killimanjaroflyplassen og vert kanskje 2 - 3 dagar i byen Arusha å ordner ein del ting før eg tar fly vidare til Dar es Salaam. Vanskeleg å veta om eg får levert traktoren å lastebilen før jul eller om det ikkje vert før i januar. Det eg veit er i alle fall att det vert ein stor overlevering. Svenskane på Scania i Dar es Salaam å den Svenske hovudsjefen for Scania i Africa som arbeider ut i fra Johannesburg i Sør Africa ønsker å væra med på overleveringa visst dei får det til å passa. Norsk Scania i Oslo vurderer å senda 2 journalister på overleveringa, men det er ikkje bestemt å er heller ikkje lett til å bestemma sidan eg ikkje kan veta sikker dato.
 
Jærens Misjonsradio Redaktør Ragnar Ege å datamann å filmmann Norleif Slettebø fra Vikeså skal væra med på oppdraget. Dei er reiseklar på kort varsel når eg får traktor å lastebil klar ferdig registrerte. Ting tar mange gonger meir tid i Africa enn i Norge så dette er vanskelig å taima, men eg har klart det før å skal nok klara det denne gongen også.
 
Gardbrukar å traktormekanikkar Ivan Veen  fra Nevlandsheia på Madland kjem 4. januar. Han skal ta seg av instruksjoner å god opplæring på den nye flotte Massey fergusontraktoren 5475. Denne traktoren er annleis eller dei andre traktorane på Haydom. Meir utstyr å meir til å setja seg inn i for å ta godt vare på traktoren. Eg er glad Ivan Veen tar den jobben, han som er både gardbrukar å traktor reperatør. 
 
Mitt telefonnummer når eg er i Africa er 00 255 784 35 90 35.
 
Helsing
Ingar  Kvia

 
Top!
Top!