Velkommen arrow Nyheter arrow Ingar takker "Revy i Nitti".
Saturday, 26 May 2018
 
 
Ingar takker "Revy i Nitti". Skriv ut
 
Ein takk til "Revy i Nitti".
Trykk her for å høyra sangen om Ingar Kvia på "Revy i Nitti". 

 
Ein Stor Takk til "Revy i Nitti" for att de tok meg å mitt arbeid for å jelpa Haydom Lutheran Hospital i Tanzania med i årets revy med den fine sangen "Adle kan hjelpa nogen"!

Dette var veldig øveraskande for meg å hær har dei i "Revy i Nitti" gjordt eit enormt stort arbeid. All oppmerksommhet rundt mitt innsamlingsarbeid for Haydom betyr att eg får tak i meir pengar å stadig klarer å kjøpa meir nytt å fint utstyr til Haydomsykehuset. Det var spesielt følelselada å rørande til å sitja i salen å høyra sangen verta sungen.

Sanggruppa som framfører sangen. Fleire bilder av Ingar vart vist på lerret i bakgrunnen.(Foto: Firmafotografen.no) Klikk på bildene for å forstørre dei. (Det tar litt tid.)

Sanggruppa som framfører sangen. Fleire bilder av Ingar vart vist på lerret i bakgrunnen.(Foto: Firmafotografen.no) Klikk på bildene for å forstørre dei. (Det tar litt tid.)

Sanggruppa som framfører sangen. Fleire bilder av Ingar vart vist på lerret i bakgrunnen.(Foto:
Firmafotografen.no) Klikk på bildene for å forstørre dei. (Det tar litt tid.)
 
"Så Vakkert, Så Vakkert" skreiv annmeldaren fra Stavanger Aftenblad.

Jærbladet skreiv også om revyen her.
 
Etter sangen vart eg ropt opp på senen av Lars Nærland for å få øverakt ein sjekk på 10 000 kr til Haydom innsamlinga.
 
Ingar får overrekt sjekk fra Lars Nærland. (Foto: Berit S Hårr, Jærbladet). Klikk på bildet for å forstørre det. (Det tar litt tid.)
Ingar får overrekt sjekk fra Lars Nærland. (Foto: Berit S Hårr, Jærbladet). Klikk på bildet for å forstørre det. (Det tar litt tid.)
 
Må bara innrømma att eg fleire kveldar var innom revyen rett etter pausen og stod rett innfor døra for å høyra den fine sangan verta sungen å det vart helst finare å finare til meir eg høyrde sangen. For nogen kan dette kansje høyrast ut som eg er sjølvopptatt som høyre ein sang om meg sjøl å mitt arbeid i Tanzania mange kveldar etter kvarandre. Men saken er den att dette er Bensin på Bålet for meg å det er slike fantastiske ting som gir meg Kreftar til å klara fortsette med mitt intensive innsamlingsarbeid for Haydomsykehuset i Tanzania som sidan starten i januar 1998 nå har runda 7,5 mill. norske kroner.

Eg er Stolt av å væra Nærbøbu å av å ha slike medarbeidarar som "Revy i Nitti". Tusen Tusen Takk skal de ha! 

 

Helsing Ingar  Kvia.

 

 

Her er sangen som ble brukt i revyen:

HYLLEST TIL INGAR KVIA 
             
Tekst: Torhild Riis, Melodi: Knut Gundersen             

Det hender me stoppar og ser oss tilbake
me lurer på kva som gir livet verdi
me kunne vel kanskje ha tenkt meir på andre
ja, brydd oss litt meir, vist litt meir empati

Og så kan me merka at nokon omkring oss
Snur tanker til praksis før dei er forbi
For vår Ingar Kvia har gjort det me andre
vil æra og hedra i full sympati

Og Ingar sitt motto det må me ta til oss
           Me må alle bidra så godt som me kan
           For håpet kan tennast i mørkaste tider
          
Det viser eksemplet i Haydoms land

                        Ein mann me beundrar, som bygda er stolt av
                        Han klarer å sno seg når ting butter mot
                       
For i Tanzania vart han arresterte
                       
men snakka seg fram til ei stemning så god

Og innsatsen, styrken - den er heilt utrulig
dei varmeste tanker til Ingar er sendt
Eit landbruk i Haydom har Ingar gjort mulig
Men alle kan hjelpe, start opp – ikkje vent

Og Ingar sitt motto det må me ta til oss
           
Me må alle bidra så godt som me kan
           
For håpet kan tennast i mørkaste tider
           
Det viser eksemplet i Haydoms land

Når sola går ned over Afrikas landskap
Og folk går til ro og lar tankane rå
Dei veit dei har evne og vilje og kunnskap
Og veien til målet blir lettere nå -

For nå kan dei merka at nokon omkring seg
Snur tanker til praksis før dei er forbi
For vår Ingar Kvia har gjort det me andre
vil æra og hedra i full sympati

Og Ingar sitt motto det må me ta til oss
           
Me må alle bidra så godt som me kan
           
For håpet kan tennast i mørkaste tider
           
Det viser eksemplet i Haydoms land

”Ingen kan hjelpe alle, Men alle kan hjelpe nogen”       

HELSING FRÅ REVY I NITTI, mars 2009

 
Top!
Top!