Velkommen arrow Nyheter arrow Reisebrev fra Ingar Kvia 16. desember 2008 + bilder frå turen.
Saturday, 26 May 2018
 
 
Reisebrev fra Ingar Kvia 16. desember 2008 + bilder frå turen. Skriv ut
Reisebrev nr. 2 fra Ingar Kvia, Haydom, Tanzania. Tur nr 14.

Trykk her for å sjå bilder fra turen.

Nok ei veke har gått med mange opplevingar i Afrika.
 
Me pløyer, reparerer redskapar, graver 300 meter vannledning kvar dag på 16 timers dagar.
 
Vannledningsgravning
Vannledningsgraving.
 
Teamet frå Norge som er med meg på vannprosjektet, har vore på tur til Yaeda-Chini med evangelist Murgi som guide . I denne enorme dalen bur Hadzabeenefolket som er ekte ”Bushmenn”. 
 
Lørdagen starta me turen til Arusha tidleg kl 06:00. Var innom Kjellfrid Eggebø i Mbulu med brev og pakker frå containeren som akkurat var kome til Haydom frå Norge.
 
Frokost hos Kjellfrid Eggebø i Mbulu. 
Frokost hos Kjellfrid Eggebø i Mbul.
 
Vidare var me innom på Waama bibelskule og såg når bibelskuleelevane planta mais for hand.
 
Maisplanting på Bibelskulen Waama. 
Maisplanting på bibelskulen Waama.
 
Tok med oss pensjonert prest Sakkaria til Haydoms helsesenter i Kansai, der han  skulle tala i kyrkja under konfirmasjons-Gudsteneste på søndag. Hadde ein kort stopp i Koratu for å justere væskeinntaket i varmen. Me kjørte i full fart mot klokka og nådde solnedgangen på verandaen til familien Malmin på Scripture Mission i Arusha: Der vart me servert kaffe og is.
 
Var på Etiopisk restaurant i Arusha på kvelden med Marit og Leif Tingbø samt MAF pilot Eivind Johannes Lindtjørn.
 
I dag har me vore i den internasjonale kyrkja i Arusha og elles vore rundt og handla. Vannteamet fra Norge reiser heim i kveld.
 
Måndagen startar eg i Arusha med service på Toyota pickupen. Skal ordna opp i ein del ting sjå Massey Fergusson forhandlaren i Arusha. Kjøpa 2 nye radioar til traktorane og masse andre ting før eg startar turen til Haydom grytidleg tirsdags morgon.
 
Ingar Kvia.

 
Top!
Top!