Velkommen
Wednesday, 26 July 2017
 
 
Nytt fra Ingar
 
les mer...
Tur nr.26 Februar-april 2017 Skriv ut
 

Tur nr. 26 til Haydom Lutheran Hospital, Tanzania 

Trykk her for å sjå bilder fra turen.   

Fra 19. februar – 3. april 2017

Starta i Tanzania med å besøka gutten Maiko på skulen i Vest Kilimanjaro.

Maiko vert 16 år dette året. Han har fått amputert begge føtene etter ei stygg straumulykke for nokre år sidan. Me har bestilt nye proteser til føtene. 


I Arusha lasta me deretter 30 sekker med cement på Toyota Landcruser Picup;n og tok dette med til Haydom.

Starta så med vedlikehold av traktorredskapa – lastebil og gravemaskinen.

Var på jobb med eine Scaniaen på ein ny bensinstasjon 25 kilometer frå Haydom og heiste ned nye drivstofftankar.

Gravemaskinen var også på jobb og grov vannledning i Haydom landsbyen, planering inne på sjukehuset og på veibygging i Kileto, 27 mil frå Haydom.

Kileto grenser til Tarangire nasjonalpark og her var det farlege løver på nattestid. Det var ingen sjans til å sova i teltleir, langt til næraste by, så einaste sjans for å sova trygt for gravemaskinsjåførane var oppi Sele Sveis tilhengaren under presenning. Ingen problem seier gravemaskinsjåførane. Hakuna Matata!

Gaver til Haydom denne turen vart kr. 30 000,- i reservedelar og

Kr. 130 000,- til å bygga nye store halvtak til lastebiler, traktorer, redskaper, gravemaskin og vanlege biler på verkstaden på Haydom. Sola fer vondt med utstyret i Afrika.

Helsing Ingar Kvia

 
Top!
Top!