Velkommen arrow Nyheter arrow Mer nytt fra Haydom
Saturday, 26 May 2018
 
 
Mer nytt fra Haydom Skriv ut
Uke 8, februar 2015

På mandag var eg på jobb med gravemaskinen som grev 5 mil med vannledningsgrøft ein halv time fra Haydom.

Har problem med ein hydraulikkrøyr. Gravemaskinkjøraren Marko og eg kjørte 30 mil inn til Arusha mandagkvelden.

På tirsdag fekk me reparert hydraulikkrøyren . Då var halve dagen gått.  Me lasta Toyota Landcrusaren med varer til sjulehuset og var tilbake på Haydom klokka 22.00

Onsdagen fekk me på hydraulikkrøyret og fortsatte med gravinga.

Reparatøren og eg var også innom ein plass som heiter Maretado. Der reparerte me ein internradio til Haydom-sjukehuset. Det er ein radio som er plassert i ein landsby slik att folket kan kalla opp resepsjonen på sjukehuset når dei treng ambulanse/sjukebil. Her er det ikkje elektrisitet og desse radiane vert drevne av solceller. Haydom-sjukehuset har sånne radioer i 26 landsbyer.

Torsdag og fredag var eg med på lange arbeidsdager med fortsettinga med å så 1426 mål med Solsikke.  Det var 3 av dei fine Massey Ferguson traktorane til Haydom-sjukehuset som var i gang på åkeren.

Lørdag brukte me mykje av dagen til å lossa ein full container som kom fra Norge via Dar es Salaam.  Mange av tinga var til sjukehuset, blant anna mange nye  rullestoler og krykker gitt gratis fra Norge.

Eg hadde også sekker med klær og sko i containeren. Dei har Rassin Haugseng fra Nærbø gitt gratis og det er veldig populært blant arbeidsfolka og vaktene ved Haydom-sjukehuset.

Spesielt vaktene set pris på dei flotte skonå. Det er tryggare når dei patruljerer sjukehustomta  om nettene p.g.a. slanger og skorpioner.

 

Lørdags kvelden kjørte eg 17 mil fra Haydom til byen Singida. Eg var framme der i 19-tida. Dette er ein by eg har vore mykje på arbeid med Haydom-gravemaskinen og her har eg mange kjente som eg vil bruka søndagen på å besøka.

Spesiell god venn av meg i Singida er entreprenøren Kaggva. Han har leiga Haydom sine folk med gravemaskinen mange gong på sine mange oppdrag.

Her i Singida bur eg godt på eit stort conferansecenter. Det vert drive av katolikker og koster bare 129 kroner døgnet. Har vore her fleire gonger og det er mange som kjenner meg. 

Helsing Ingar 

 
Top!
Top!