Velkommen arrow Nyheter arrow Jordbruk og litt til
Saturday, 26 May 2018
 
 
Jordbruk og litt til Skriv ut
Litt av kvart Tid for å skriva litt til.

I dag har Ingar og traktor-teamet vore på ein av sjukehuset sine åkrar og pløgd. Dei hadde pløgd 400 mål og sådd korn.  Eg reknar med det er kveite det er snakk om.

Etterpå hadde han vore ein tur hos ein mann med navn Wilfred. Han er forretningsmann i landsbyen. Tidlegare år var han dei einaste landhandlaren som hadde varer som me "kvite" likte å eta. Han bestilte varer som misjonærane var vane med fra heimlandet sitt. Her var det syltetøy, smør, brød, kvitost o.s.v.

Nå har han bygd ny butikk der han også har restaurant / cafe.  Me må alltid innom Wilfred på besøk. Då er det mat, kaffi og brus. Det er ein flott familie som me har kjend lenge og Ingar kjenner dei spesielt godt etter alle turane til Haydom. 

I dag, lørdag, har Ingar fått med seg ei som heiter Ester Makundi. Dei reiste til ein plass som heiter Babati. Der har me ei jenta som heiter Upendu, som me holder på skole i lag med eit anna par fra Jæren. Ho her jenta mista mor si i kreft og var ganske åleina. 

Så i dag fekk han med seg Ester for å reisa og kjøpa nye klær til Upendu.  Det er stor stas og ho skin som ei sol. Det er ikkje mykje som skal til for å lysa opp kvardagen deira.

Etter innkjøpa var det rosinbolle og juice. Kunne mest vore her heima. Eg har aldri ete rosinbolle i Tanzania, men det er mange som har lært å laga norsk mat av misjonærane.

Det var litt av det som Ingar har meldt heim om. Meir detaljert fra pløying og anna jordbruk vert det vel når han kjem heim og fortel sjølv. Men eg skal fortsetja med å fortelja fra kvardagen på Haydom og Tanzania etter kvart som han melder om kva han driv på med.

Ei lita helsing fra Åse. 

 
Top!
Top!